NESFOSSEN SMOLT AS
Smoltproduksjon sidan 1985
Lang erfaring og høg kvalitet
Nesfossen Smolt AS produserer lakseyngel og laksesmolt. Anlegget ligg fint til ved Lurefjorden i Nordhordland, mellom bygdene Seim og Hundvin i Alver kommune. Selskapet vårt er ei godkjend lærebedrift i Akvakulturfaget.
Me er aksjonær i Salmon Group.


Eit kvalitetsprodukt som me er stolte av

På historisk grunn

God kapasitet og moderne anlegg

Kåra til årets bedrift

Støtte til Chime sitt hjelpearbeid
Chime Healthy Women
Nesfossen Smolt AS har i ei årrekke hatt gleda av å støtte Chime Healthy Women Programme sitt viktige og gode arbeid i Uganda blant ekstremfattige kvinner. Chime bidrar med hjelp til sjølvhjelp i form av blant anna grisungar som mikrolån, og dette er ei ordning som fungerer svært godt!
Pengestøtte frå Nesfossen har allereie kome til stor nytte, og faktisk blitt til god hjelp for heile landsbyar. Griseprogrammet løftar familiar ut av ekstrem fattigdom, og gir håp om ei betre framtid. Som ein kan sjå i videohelsinga, skapar grisungane stor glede hjå dei afrikanske kvinnene.
Grisane vert fort fleire. Kvinnene får god opplæring om både dyrehald og økonomi, og må gje tilbake/vidare to grisar for den eine som dei får tildelt. Så kan dei selje både kjøtt og levande grisungar, slik at dei tener gode pengar til familiane sine. Dette gjer det bl.a. mogleg å sende barna på skule.
Smolt til sals
Ta kontakt for eit godt tilbod.
Selskapet er Global G.A.P. - sertifisert.
Kontaktpersonar:
Ronald Marøy
Tlf: 48 19 64 80
ronald@nesfossen.no
Frode Sandvik
Tlf: 47 65 86 37
frode@nesfossen.no