Klekkeri og startfôring

    • Nesfossen har eiga klekkeri og startfôringsavdeling. Her er det klekka yngel frå laks og aure sidan 1985.

Påvekst og sortering

På Nesfossen har me frisk fisk som trivst og har det bra.

Fiskehelse og fiskevelferd er viktig og høgt prioritert på Nesfossen, og våre flinke tilsette med lang erfaring og mykje kunnskap bidrar til dette. Fisken har god helsestatus, og det kjem regelmessig veterinær for å følge opp fiskehelsa.

Me jobbar kontinuerleg med å sikre eit godt vassmiljø i alle kara, og optimal fôring. Elles har me òg fokus på å behandle fisken så skånsamt som mogleg ved all handtering. Fisk som har avvik vert fortløpande tatt ut av produksjonen.

Anlegget ligg langt inne i Lurefjorden, som er utan andre fiskeoppdrettsanlegg. Det vert ikkje nytta sjøvatn i produksjonen vår, og ferskvasskjelda er sikker - utan oppgang av anadrom fisk.

Vaksinering

​Maskinene kan stikke intramuskulært og i buk samtidig, og er utstyrt med individbasert bedøver, - eit system som vart nominert til Fiskevelferdsprisen i 2021.

To moderne maskiner frå Lumic, som har til saman fire bedøvingssløyfer og tolv kanalar - med bl.a. automatisk tilpasning av stikkpunkt etter fiskestørrelse, vaksinerer fiskane både skånsamt og effektivt.

Desse maskinene kan injisere opp til tre ulike vaksinar samtidig, i buken og ev. ryggen på fiskane, og er dessutan laga slik at ein kan sortere fiskegruppene i inntil tre størrelsar i den same arbeidsoperasjonen.

I kombinasjon med innsats av våre flinke og dedikerte arbeidarar i vaksineringsteamet - med kontinuerleg styring og kontroll av prosessen, sikrar Lumic-maskinene god kvalitet på fiskevaksineringa.

Rensing av utslepp

I samband med utvidinga av anlegget og auke i fiskeproduksjon på Nesfossen, vart det rundt år 2016 investert mykje i å få på plass eit heilt nytt reinseanlegg. Dette består av to store trommelfilter i ein nybygd reinsestasjon nær sjøen. Også ein slamavskiljar og ein stor slamtank som rommar 50 m3. Desse står plassert lenger oppe på anlegget saman med ein syretank som automatisk tilfører slammet syre for konservering.

Det måtte leggjast ned lange røyr i bakken frå hovudavløpskummene ved alle dei største kara våre og fram til reinsestasjonen. Ved det tre nordligaste kara måtte det i tillegg byggjast ei trykk-kumme pga. lang avstand og liten høgdeskilnad. Alt i alt var dette eit omfattande prosjekt som involverte mange arbeidarar og ei rekke eksterne selskap.

Eit par år seinare fekk me dessutan bygd eit spesialtilpassa hus over heile reinsestasjonen, slik at trommelfiltera no får gjera jobben sin i frostfritt miljø året rundt. Det gjer det sjølvsagt óg enklare å arbeide med nødvendig reingjering og anna vedlikehald, ta månedlege vassprøvar og elles sjå til at alt fungerar som det skal kvar veke.

Vassforbruket vårt vert overvaka og loggført. Prøvar av slam, innløps- og avløpsvatn vert analyserte. Slammet vert henta av lokale bønder som sørger for at dette vert nytta som gjødselsressurs i landbruket.

Levering av smolt

Me har gode kaiforhold for store brønnbåtar ved anlegget på Nesfossen

Nesfossen Smolt

Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.