Oppgradering av anlegget med betre rømmingsbarrierar i 2017 – 2018

Nesfossen Smolt har som klar målsetting at me ikkje skal ha rømming av fisk frå vårt anlegg, og det har blitt investert mykje tid, innsats og pengar i å oppgradere anlegget på Nesfossen for å imøtekome ei lang rekke nye krav på dette området. Mellom anna har me forbetra ristene i alle hovudavløpa med godkjende silplater tilpassa fiskestørrelsen (sekundærsikringar). Kraftige betongmurar med finmaska gjerde mot sjøkanten og ein solid port i bakken mot kaien fungerer som områdesikring. Eldre kar er forsterka/sikra med betongmurar.

Alle installasjonar og arbeidsoperasjonar som kan tenkast å ha betydning for rømmingsfare er kartlagde. Risikoen for rømmingstilfelle av fisk frå Nesfossen er no vurdert som svært liten. Heile kaiområdet er også oppgradert med asfaltdekke, og det har blitt bygd ein flott kai av store natursteinar og betong ved sida av hovudkaien.

Nesfossen Smolt

Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.