Nesfossen Smolt AS

Smoltproduksjon sidan 1985

Lang erfaring og høg kvalitet

Nesfossen Smolt AS produserer lakseyngel og laksesmolt. Anlegget ligg fint til ved Lurefjorden i Nordhordland, mellom bygdene Seim og Hundvin i Alver kommune. Selskapet vårt er ei godkjend lærebedrift i Akvakulturfaget. 

Me er aksjonær i Salmon Group.

På historisk grunn

Eigedomen Nesfossen har ei spennande fortid. Som så mange andre stader med stabilt vassfall blei det også her bygd ei bygdesag for saging av tømmer, og staden har blitt brukt til dette gjennom lang tid.

Tidleg på 1860-talet blei det ny giv på Nesfossen. Ein ung ingeniør frå Tyskland kom til Bergen og gifta seg med ei jente frå denne byen. Hennar familie var velståande, og med pengar derifrå – saman med ingeniør Enstedt sine kunnskapar, blei Nesfossen-eigedomen kjøpt, og på den bygd ei mølle.

Vår produksjon

Nesfossen har eiga klekkeri- og startfôringsavdeling, her er det klekka yngel frå laks og aure sidan 1985.

Anlegget ligg langt inne i Lurefjorden, som er utan andre fiskeoppdrettsanlegg. Det vert ikkje nytta sjøvatn i produksjonen vår, og ferskvasskjelda er sikker - utan oppgang av anadrom fisk.

Me har moderne vaksinasjonsmaskiner for injeksjon av inntil tre ulike vaksiner samtidig, og me har reinseanlegg for slam. Selskapet er Global GAP-sertifisert.

Nesfossen Smolt

Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.