Tilsette i Nesfossen Smolt
Nesfossen Smolt AS har elleve fast tilsette med lang erfaring innan fiskeoppdrett, og smoltproduksjon spesielt.
Våre tilsette har høg kompetanse, der nokon har fagbrev i akvakulturfaget og alle driftsoperatørane har gjennomført kurs i blant anna fiskevelferd og rømmingssikring.
I tillegg til det faste personalet, har me flinke vaksinatørar som arbeider etter behov i sesongane med vaksinering.
Ronald Marøy
Dagleg leiar
Ronald Marøy er dagleg leiar i Nesfossen Smolt AS og har lang erfaring som dagleg leiar i fiskeoppdrettsbransjen. Han kjenner heile denne næringa godt. Ronald var dagleg leiar i oppdrettsselskapet Marøy Salmon AS i perioden frå 1987 til 2010. Har fagbrev i akvakultur.
Frode Sandvik
Ass. dagleg leiar og kvalitetssjef
Frode Sandvik har sidan sommaren 2016 vore kvalitetssjef ved Nesfossen Smolt AS. Frå våren 2022 er han òg assisterande dagleg leiar i selskapet. Ansvarsområda er mange og arbeidsoppgåvene varierte. God internkontroll, HMS, fiskevelferd og etterleving av ulike kvalitetsstandardar har alltid høg prioritet på anlegget vårt. Frode har mellom anna også ansvar for å følge opp personalet, orden og reinhald, vaksinering av fisk, reinsing av vatn og diverse prosjekt.
Øyvind Holsen
Senior
Øyvind Holsen er no senior i Nesfossen Smolt AS. Han er grunnleggaren av selskapet og var pådrivar i oppbygginga av anlegget på Nesfossen frå 1985 (den gong Lindås Fiskeoppdrett AS). Øyvind var i mange år styreleiar og dagleg leiar i selskapet. Seinare arbeidde han som dagleg leiar ved Salar Smolt AS i perioden frå 1999 til 2008, før han kom tilbake til Nesfossen. Gjennom fleire tiår har Øyvind opparbeidd seg eit stort kontaktnett og kjenner svært mange i næringa.
Børge Isdal
Driftsleiar
Børge Isdal er no tilbake som driftsleiar på Nesfossen etter to år på Salar Bruk AS. Han har jobba i denne bransjen, med settefiskproduksjon, heilt sidan våren 1983.
Jan Rune Hosøy
Teknisk ansvarleg
Jan Rune Hosøy har i mange år hatt eit spesielt ansvar for blant anna klekkeriet vårt og produksjonen i startfôringsavdelinga. Han var med frå starten i 1985 på bygginga og utviklinga av anlegget, og har jobba samanhengande i selskapet heilt frå den tida.