HER SER DU VÅRE FULLAUTOMATISKE 

VAKSINERINGSMASKINER 



To moderne maskiner frå Lumic, som har til saman fire bedøvingssløyfer og tolv kanalar - med bl.a. automatisk tilpasning av stikkpunkt etter fiskestørrelse, vaksinerer fiskane både skånsamt og effektivt.

Maskinene kan stikke intramulært og i buk samtidig, og er utstyrt med individbasert bedøver, - eit system som vart nominert til Fiskevelferdsprisen i 2021.

Desse maskinene kan injisere opp til tre ulike vaksinar samtidig, i buken og ev. ryggen på fiskane, og er dessutan laga slik at ein kan sortere fiskegruppene i inntil tre størrelsar i den same arbeidsoperasjonen.

I kombinasjon med innsats av våre flinke og dedikerte arbeidarar i vaksineringsteamet - med kontinuerleg styring og kontroll av prosessen, sikrar Lumic-maskinene god kvalitet på fiskevaksineringa.