Reinsing av vatn

 
Reinse- og slambehandlingsanlegg for avløpsvatn 

I samband med utvidinga av anlegget og auke i fiskeproduksjon på Nesfossen, vart det rundt år 2016 investert mykje i å få på plass eit heilt nytt reinseanlegg. Dette består av to store trommelfilter i ein nybygd reinsestasjon nær sjøen. Også ein slamavskiljar og ein stor slamtank som rommar 50 m3. Desse står plassert lenger oppe på anlegget saman med ein syretank som automatisk tilfører slammet syre for konservering.

Det måtte leggjast ned lange røyr i bakken frå hovudavløpskummene ved alle dei største kara våre og fram til reinsestasjonen. Ved det tre nordligaste kara måtte det i tillegg byggjast ei trykk-kumme pga. lang avstand og liten høgdeskilnad. Alt i alt var dette eit omfattande prosjekt som involverte mange arbeidarar og ei rekke eksterne selskap.

Eit par år seinare fekk me dessutan bygd eit spesialtilpassa hus over heile reinsestasjonen, slik at trommelfiltera no får gjera jobben sin i frostfritt miljø året rundt. Det gjer det sjølvsagt óg enklare å arbeide med nødvendig reingjering og anna vedlikehald, ta månedlege vassprøvar og elles sjå til at alt fungerar som det skal kvar veke.

Vassforbruket vårt vert overvaka og loggført. Prøvar av slam, innløps- og avløpsvatn vert analyserte. Slammet vert henta av lokale bønder som sørger for at dette vert nytta som gjødselsressurs i landbruket.