Miljø og berekraft

Omsynet til miljø og berekraft er viktig

Nesfossen Smolt AS jaktar stadig på forbetringar og nye moglegheiter som kan 
bidra til minst mogleg negativ påverknad av natur og miljø, og mest mogleg 
berekraftig drift. 
Me ønsker å gjere det me kan for ei berekraftig utvikling av matproduksjonen også vidare framover ved å produsere sunn og god sjømat i pakt med naturen. Alle forholda ligg godt til rette for smoltproduksjon her som anlegget vårt ligg, langs kysten på Vestlandet mellom fjord og ferskvatn.

Settefiskproduksjonen vår går føre seg i eit gjennomstrøymingsanlegg. Før vatnet vert sleppt ut i resipienten, går det gjennom ein reinsestasjon og vert der reinsa for ein stor del av stoffa som potensielt kan påverke miljøet i fjorden. Slammet, som vert samla opp i reinsestasjonen, inneheld mange næringsstoff, og dette vert henta av lokale bønder og nytta som gjødselsressurs i landbruket her omkring.

Anlegget er forsynt med elektrisk straum frå fornybar/CO2-fri kraftproduksjon.  

Som medeigar i nettverksorganisasjonen Salmon Group, bidrar me til at det vert utvikla og brukt fôr med berekraftige ingrediensar.

Kundane våre og forbrukarmarknadane i verda etterspør kvalitetssikring og vektlegg ofte omsynet til miljø og berekraft i matproduksjonen. Nesfossen Smolt vert kvart år revidert etter dei strenge krava i standarden Global G.A.P. som skal følge produktet og gje full sporing gjennom heile produksjonstida og ut i marknaden. Nokon gongar kjem ASC-sertifiseringskrav i tillegg. Dette uavhengige miljømerket skal garantere at produktet kjem frå ansvarleg havbruk. At sjømaten er produsert på oppdrettsanlegg som har minimert påverknaden på miljøet og samfunnet.

Fiskehelse og fiskevelferd

På Nesfossen har me frisk fisk som trivst og har det bra.

Fiskehelse og fiskevelferd er viktig og høgt prioritert på Nesfossen, og våre flinke tilsette med lang erfaring og mykje kunnskap bidrar til dette. Fisken har god helsestatus, og det kjem regelmessig veterinær for å følge opp fiskehelsa.

Me jobbar kontinuerleg med å sikre eit godt vassmiljø i alle kara, og optimal fôring. Elles har me òg fokus på å behandle fisken så skånsamt som mogleg ved all handtering. Fisk som har avvik vert fortløpande tatt ut av produksjonen.

Anlegget ligg langt inne i Lurefjorden, som er utan andre fiskeoppdrettsanlegg. Det vert ikkje nytta sjøvatn i produksjonen vår, og ferskvasskjelda er sikker - utan oppgang av anadrom fisk.

Nesfossen Smolt

Personvernoversikt

Dette nettstedet bruker infokapsler slik at vi kan gi deg den best mulige brukeropplevelsen. Infokapsler lagres i nettlesren din og utfører funksjoner som å gjenkjenne deg når du returnerer til nettstedet vårt og hjelper oss forstå hvilke deler av nettstedet du finner interessant og nyttig.