Om settefiskanlegget på Nesfossen

 


Verksemda ligg fint til ved Lurefjorden i Nordhordland

 
Nesfossen Smolt produserer ca. tre-fire millionar lakseyngel og laksesmolt årleg. Anlegget har god tilgang på vatn av god kvalitet. Storavatnet er hovudvasskjelda vår, og samla nedslagsfelt til vassdraget er om lag 15 km2.

Anlegget vårt har eige klekkeri og startfôringsavdeling inne, og til saman 
40 kar i påvekstavdelinga ute.

Nesfossen Smolt AS vart etablert i 1985, og fekk konsesjon for 
settefiskproduksjon i 1986.  

Selskapet har altså mange år med erfaring som settefiskprodusent av laks og aure, og er sertifisert etter den viktige internasjonale kvalitetsstandarden Global G.A.P.

Køyretid med bil frå Bergen sentrum er ca. 40 minutt, og frå Bergen lufthavn om lag ein time. Det er berre eit kvarter å køyre frå Knarvik.

Med båt er det lett å kome inn sjøvegen og legge til ved kaien vår. Settefiskanlegget ligg nært Storavatnet og resten av vassdraget.