Chime Healthy Women

Nesfossen Smolt AS har i ei årrekke hatt gleda av å støtte Chime Healthy Women Programme sitt viktige og gode arbeid i Uganda blant ekstremfattige kvinner. Chime bidrar med hjelp til sjølvhjelp i form av blant anna grisungar som mikrolån, og dette er ei ordning som fungerer svært godt!

Pengestøtte frå Nesfossen har allereie kome til stor nytte, og faktisk blitt til stor hjelp for heile landsbyar. Griseprogrammet løftar mange familiar ut av ekstrem fattigdom, og gir håp om ei betre framtid. Som ein kan sjå i videohelsinga, skapar grisungane stor glede hjå dei afrikanske kvinnene.

Grisane vert fort fleire, og sal av både grisekjøtt og nye grisungar gjer det bl.a. mogleg å sende barna på skule.

Les mer om Chime her