Tilsette i Nesfossen Smolt AS

Nesfossen Smolt AS har elleve fast tilsette med lang erfaring innan fiskeoppdrett og smoltproduksjon spesielt.

Våre tilsette har høg kompetanse, der nokon har fagbrev i akvakulturfaget og alle driftsoperatørane har gjennomført kurs i blant anna fiskevelferd og rømmingssikring.

I tillegg til det faste personalet, har me flinke vaksinatørar som arbeider etter behov i sesongane med vaksinering. 

Kontaktpersonar:

Ronald Marøy

Dagleg leiar
Mobil: 48 19 64 80
E-post: ronald@nesfossen.no

Ronald Marøy er dagleg leiar i Nesfossen Smolt AS og har lang erfaring som dagleg leiar i fiskeoppdrettsbransjen. Han kjenner heile denne næringa godt. Ronald var dagleg leiar i oppdrettsselskapet Marøy Salmon AS i perioden frå 1987 til 2010. Har fagbrev i akvakultur.

Frode Sandvik

Ass. dagleg leiar og kvalitetssjef
Mobil: 47 65 86 37
E-post: frode@nesfossen.no

 

Frode Sandvik har sidan sommaren 2016 vore kvalitetssjef ved Nesfossen Smolt AS. Frå våren 2022 er han òg assisterande dagleg leiar i selskapet. Ansvarsområda er mange og arbeidsoppgåvene varierte. God internkontroll, HMS, fiskevelferd og etterleving av ulike kvalitetsstandardar har alltid høg prioritet på anlegget vårt. Frode har mellom anna også ansvar for å følge opp personalet, orden og reinhald, vaksinering av fisk, reinsing av vatn og diverse prosjekt.  

Børge Isdal

Børge Isdal

Driftsleiar
Mobil: 48 24 22 52

E-post: borge@nesfossen.no

Børge Isdal er no tilbake som driftsleiar på Nesfossen etter to år på Salar Bruk AS. Han har jobba i denne bransjen, med settefiskproduksjon, heilt sidan våren 1983.

Øyvind Holsen

Senior
Mobil: 48 06 03 77
E-post: oyvind@nesfossen.no

Øyvind Holsen er no senior i Nesfossen Smolt AS. Øyvind er grunnleggaren av selskapet og var pådrivar i oppbygginga av anlegget på Nesfossen frå 1985 (den gong Lindås Fiskeoppdrett AS). Øyvind var i mange år styreleiar og dagleg leiar i selskapet. Seinare arbeidde han som dagleg leiar ved Salar Smolt AS i perioden frå 1999 til 2008, før han kom tilbake til Nesfossen. Gjennom fleire tiår har Øyvind opparbeidd seg eit stort kontaktnett og kjenner svært mange i næringa.

Jan Rune Hosøy

Teknisk sjef
Mobil: 48 24 22 51

E-post: janrune@nesfossen.no

Jan Rune Hosøy har i mange år hatt eit spesielt ansvar for blant anna klekkeriet vårt og produksjonen i startfòringsavdelinga. Jan Rune var med frå starten i 1985 på bygginga og utviklinga av anlegget, og har jobba samanhengande i selskapet heilt frå den tida.

EnglishNorwegian